Skip to main content

Encon – din lokale grossistpartnar på Voss og på Vestlandet

 

Encon er ein moderne og solid matgrossist med base på Dalsmoen på Voss. Med røter tilbake til 1972 har vi bygd opp lang erfaring og sterk lokal forankring. I dag er vi ein komplett leverandør til storhushaldningsmarknaden i Vestland og delar av Viken – med kundar som spenner frå hotell og restaurantar til kantiner, sjukeheimar, skular og frivillige organisasjonar.

 

Vi leverer eit breitt sortiment innan mat, drikke og non-food – alt frå frukt og grønt, kjøt og sjømat, tørrvarer, kjøl- og frysevarer, til drikkevarer, vaskemiddel, emballasje og hygieneprodukt. Vårt mål er å gjere kvardagen enklare for våre kundar ved å tilby alt dei treng på éin plass – levert trygt og presist, til avtalt tid og stad.

 

Gjennom Encon får du òg tilgang til spesialkonsept frå DLVRY – som italienske delikatessar frå La Salumeria, kvalitetskjøt frå Wulff & Co., og kortreiste varer frå Godt Lokalt. Dette gjev deg det beste frå både lokale produsentar og internasjonale leverandørar – samla i ei effektiv og personleg grossistløysing.

 

Med moderne logistikkløysingar og 3.000 kvm med godt organiserte lokale på Voss, står vi klare til å levere. Vi er sertifiserte som Miljøfyrtårn, Debio-godkjende for økologisk distribusjon, og aktive medlem i Grønt Punkt – fordi vi ønskjer å ta ansvar for framtida og for miljøet vi opererer i.

 

Hos Encon møter du folk med høg fagkompetanse og ekte servicevilje. Me kjenner marknaden vår, og vi veit kor viktig det er å ha ein samarbeidspartnar som er til å stole på – spesielt i ein travel storhushaldingskvardag

.

Velkomen til ei enklare og meir effektiv handel med Encon – din samarbeidspartnar på Vestlandet.

 

  • Encon om oss.png